Dag og Tid 8. mars 2001.

Einartsforvalting eller biologisk mangfald?

 

Av Klaus Høiland
Professor ved Biologisk institutt, Universitetet i Oslo.

I vår oppheita ulvedebatt oppstår ofte mistydinga at ulven er truga som art, på lik linje med Afrika og Asia sine nashorn-artar, pandaen, dvergsjimpansen, gorillaen og toromirotreet på Påskeøya. Ein viss grad av noregsfiksering er dessutan å spore i debatten; dersom vi nordmenn ikkje greier å verne vår vesle ulvestamme, då vert ulven utrydde frå planeten. No skal eg vakte meg vel for å hevde at ulveforkjemparane kjem med villeiande informasjon. Forklaringa er vel snarare at den høgrøsta ordbruken gir lite rom for nyansar, og at media, for å profilere stoffet, får det til å virke som om dette er eit gjeldande argument. Ein tar utgangspunkt anten i at ulven kategorisk er forfølgt og alle stader truga av utrydding, eller at han utelukkande er eit skadedyr med sau, elg, hund, ja, til og med folk på menyen. Dette unyanserte "Vesle Ulv/Store Ulv"-syndromet inneheld to motstridande mytar: "Ulven er ufarleg"/"ulven er farleg". Ingen biologar kan seie seg samd i nokon av dei. Det biologane derimot er einige om er at ulven er eit rovdyr i hundefamilien, han er som følgje av evolusjonen tilpassa til å ete kjøtt, og han kan i motsetnad til bjørn og grevling ikkje erstatte føda med planter ? normalt ikkje eingong med mindre dyr (som smågnagarar eller insekt). Difor, for å få tak i nok mat av rett kvalitet, må han streife over store område (7-8 mil på eit døgn) gjerne krysse landegrenser, eller slå seg ned der det er mykje og lett tilgjengeleg føde (les sau og elg). Økologisk har ulven det vi kallar eit opportunistisk levesett. Dette vil seie at han utnyttar dei tilgjengelege ressursane der og då, formeirer seg raskt og forbrukar føda raskt. Dersom forholda i heimeområdet skulle endre seg dramatisk, kan han vandre til nye jaktmarker og etablere nye familiegrupper, av og til opptil 900 km frå den opphavlege staden. Folks problem med å få store, kjøttetande rovdyr med opportunistisk livsførsel innpå livet, er lett å forstå, også i eit økologisk perspektiv.

Som allereie sagt, ulven er ikkje truga globalt. Han finst over store område av Europa, Asia og Nord-Amerika, ikkje berre i utilgjengelege område, men fleire stader svært nær busetnader (t.d. i Italia, Romania og Estland ? og også i Noreg). Ikkje ein gong argumentet om genetisk mangfald held i denne samanhengen. Den norske ulven er genetisk sett lite forskjellig frå dei øvrige ulvane som held til i Nord-Europa, inkludert den europeiske delen av Russland. Berre det faktum at ulven lever som "langpendlar" mellom Noreg, Sverige, Finland og Russland, er nok til å innsjå at vår ulvestamme ikkje er noko genetisk unikum som av den grunnen er verd heilt spesielle fredingstiltak.

Dette, at den norske ulven ikkje er unik i verdssamanheng, men heller ein marginal del av ein stor og meir eller mindre samanhengande stamme, er nok grunnen til at mange av dei seriøse ulveforkjemparane heller bruker formelle enn biologiske argument. Det vert vist til dei ulike konvensjonane som omhandlar vern av artar og biologisk mangfald. Konvensjonane fortel at Noreg er forplikta til å ta vare på ulven uansett ? seiest det. La oss sjå litt på dette:

I følgje Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) skal Noreg ivareta sitt biologiske mangfald definert ved genar, artar og naturtypar. Bern-konvensjonen stadfester at dei landa som har bestandar av dei artane som står oppførde på ei definert liste, samla skal ta ansvar for å bevare berekraftige bestandar av desse (t.d. ulv og bjørn). Men dersom rovdyra aukar mykje i mengde, oppstår problem som t.d. konflikt med dyr som beiter. Dette medfører at beitedyra kan tape, noko som igjen går ut over dei siste restane av det tradisjonsrike og verneverdige kulturlandskapet som dyra trekkjer til, t.d. setervollar og skogbeite. Vi misser dermed særeigne naturtypar, noko som igjen strir mot Konvensjonen om biologisk mangfald. Dermed får vi ei sjølvmotseiing.

Dersom vi let ulvestammen få formeire seg uhindra, risikerer vi difor at område med beitemark blir lagt ned og raskt gror att med skog. Vi kan på den måten køyre over vårt internasjonale ansvar for å ta vare på verneverdige kulturlandskap. Noreg er det einaste landet i Nord-Europa som enno har ein omfattande, tradisjonell bruk av utmarka i den boreale regionen (barskogsona). Dei nærliggjande områda i Sverige og Finland er mest fullstendig lagt ned når det gjeld beitebruk. Den tradisjonelle bruken av utmarka har etter fleire tusenår forma spesielle naturtypar der det til og med har utvikla seg eigne artar av planter som t.d. hårsvævar og marikåper. Vidare fungerer beita som siste skanse for mange spesialiserte artar av planter, soppar og insekt som i forhistorisk tid var knytte til open mark der det beita ville dyr. Døme på slike er svartkurle, dvergmarinøkkel, diverse søter, enghaukeskjegg, solblom, vokssoppar, raudskivesoppar, jordtunger, grashopper, blåvenger og perlemorsommarfuglar. Dei norske utmarksbeita ivaretek framleis livskraftige bestandar av t.d. svært sjeldne artar sett med internasjonale auge, blant anna ein del soppar, som Noreg truleg er det einaste landet som enno har skikkelege førekomstar av. Direktoratet for naturforvalting skriv om dette i ein rapport: "Beitemarksoppene bør overvåkes da disse betraktes som gode indikatorer på gammel kulturmark i god hevd". Det er uansett ingen andre land i den boreale regionen som framleis har ein tilsvarande beitebruk av utmarka og følgjeleg verdifulle kulturlandskap i god hevd. Vi skal ikkje lengre enn til Sverige for å finne at utmarksbeite/skogbeite er eit argument for vern ? men her er jo mesteparten av den aktuelle beitemarka allereie nedlagt, og svenskane har difor innsett at noko må bli gjort for å hindre at dei siste restane forsvinn for godt. Men også i Noreg tek desse problema til å kome på dagsorden. På konferansen "Rovdyr og beitebruk ? forskning som veiviser" som vart arrangert av Forskingsrådet i 1999 sa botanikaren Gunilla Olsson: "Menneskets bruk og påvirkning av naturen har gjennom flere tusen år påvirket det norske landbruket. Beiting har skapt gode vekstforhold for en rekke plantearter og andre organismer. Flere insekter er direkte avhengig av beiting." Nokre av desse insekta lever dessutan av dei aktuelle plantene som er truga av nedlegging av beite. Det er lett å sjå det uforeinlege i å oppretthalde ein stor rovdyrstamme i område der vi også vil bevare det gammaldagse kulturlandskapet med tradisjonelle metodar. (I kystområde er det òg slått til lyd for bruk av utegangarsau ("steinaldersau") som ledd i å ta vare på naturbeitemark, lynghei og annan utmarksvegetasjon betinga av kulturen. Ein passande tettheit av sau er godt skikka til å skjøtte landskapet og dermed bevare det biologiske mangfaldet som har vert i tilbakegang i lang tid.)

Bern-konvensjonen, som ein ofte viser til, handlar om fleire artar, ikkje berre ulv (sjølv om mediestyret får han å sjå ut som ein rein "ulvekonvensjon"). Der står også oppført fleire planter, blant anna artar som veks i dei typane av kulturlandskap som vert true av nedlegging av beite. Av desse er: Dvergmarinøkkel (ein liten bregne), og orkideane marisko og feittblad. Sistnemnde er dessverre allereie utrydda. Hovudårsak: Nedlegging av beite! ? På Bern-konvensjonen står oppført alt i alt 18 høgare planter og 7 mosar som Noreg er forplikta å ta vare på. Enkelte av dei tilhøyrer samstundes nokre av våre mest sjeldne artar, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Fire av dei sjeldnaste er flytegro, sibirnattfiol, kveinhavre og masimjelt. Masimjelten finst berre på to stader i Noreg. Den har forresten Noreg eineansvar for! Dei fjerntliggjande andre førekomstane av "masimjelt" i Sibir og Nord-Amerika, dreier seg om andre, genetisk forskjellige underartar. Eg sett det difor ikkje på spissen om eg hevdar at mange av dei særeigne plantene, soppane og insekta i det tradisjonelle beitelandskapet er internasjonalt mykje meir verneverdige enn dei mykje omtalte ulvane som har komme seg innafor norskegrensa og som ikkje eingong skilje seg merkbart genetisk frå sine frendar på den andre sida av grensa.

Kva bør miljøvernstyresmaktene våre prioritere? Dei som kvart år berre får tildelt smular i statsbudsjettet! Ein? eller fåartsforvalting der mesteparten av midlane går til ulv, og vidare til bjørn, jerv og gaupe, samt "tallerkenmangfaldet": fire hjortedyr, fem hønsefuglar og tre laksefisk. Dette siste har Direktoratet for naturforvalting, sidan den gong det heit "Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk", alltid hatt ei spesiell omsorg for. Då blir det ikkje mykje att til resten av det Noreg har forplikta seg til. Det er verd å minne om at Stortingsmelding 58 pålegg samtlege kommunar å kartleggje sitt biologiske mangfald innan utgangen av 2003. Ulve-politikken vår kan difor ikkje bli sett på isolert. Ulven blir svært kostbar dersom vi ikkje ynskjer å leggje ned vesentlege deler av vårt kulturlandskap. Når det samtidig er knapt om økonomiske midlar, er eg redd for at mindre iaugefallande og meir beskjedne deler av vårt biologiske mangfald (planter, soppar, insekt osv.) blir ofra i staden for den (dei) arten(ane) som har dei sterkaste og økonomisk tyngste pressgruppene på si side ? og dessutan krev dei dyraste forskingsprosjekta (radiomerking, helikopterovervaking, kompetent mannskap i felt osv.). Vi risikerer at det blir økonomisk opportunt å sette dette ut til lokalmiljøet som billegaste tiltak og dugnad, t.d. i samanheng med Lokal Agenda 21-verksemda. Ja, sjølv "tallerkenmangfaldet" kan få økonomiske problem dersom dei aller dyraste forvaltingstiltaka overfor ulv blir sett i verk (inngjerding, oppsporing og genetisk identifisering av ulv X hund-hybridar og selektiv skyting av desse, osv.). I fjor var det ikkje grenser for kor mykje miljøforvaltinga var villig til å opne av pengesekken. Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvalting bør difor tenkje nytt når midlar skal delast ut til forsking og forvalting av biologisk mangfald. Konklusjonen er at ei einsidig fokusering på ulv (og dei andre tre store rovdyra) ikkje er i samsvar med internasjonale konvensjonar om biologisk mangfald ? uansett kor sterkt ulveforkjemparane hevdar det motsette.