19 mars 2002

Departementet finansierer useriøse tiltak

 

 

- Miljøverndepartementet stør om seg med millionar til rovdyrvenner medan dei ikkje løyver ei einaste krone til kritikarar som vil informere seriøst i dagens rovdyrpolitikk.


Av Elias Sperstad

SKJÅK:Leiaren i Folkesaksjonen mot ein ny rovdyrpolitikk Ola Stensgråd raser mot Miljøverdepartmentet. Han føler seg kraftig provosert.

- Staten legg rett og slett til rette for manipulering av informasjon og kunnskap om konsekvensane av rovdyrpolitikken, seier Stensgård.

- Overtramp
Han siktar spesielt til filmen «Med rett til å drepe» som NRK 1 nyleg viste. Filmen tek for seg årsaker til tap av bufe på utmarksmeite i Norge. Ifylgje Stensgård har Miljøverndepartemenen gjeve 250.000 kroner til denne filmen.

- Hovudbodskapen i filmen er at bønder og rovdyrmotstandarar er fullstendig utan truverd i rovdyrpolitikken. Overtrampa i filmen er mange og grove. Eksempelvis argumenterer filmen sterkt for at fenomen som stort sett finst på Vestlandet kan vera årsaka til store tap i rovdyrområda i innlandet, seier Stensgård. Han hevdar at TV-filmen er berre eit nytt eksempel i ein seire av det han beskriv som fagleg useriøse tiltak som Miljøverndepartementet finansierer.

- Urimeleg prosess
- Rovdyrutstillinga de fem store, ulvefilmen til Karin Westrheim vinteren 2000, millionfinansieringen av det useriøse voktarhundprosjektet i Lierne er eksempel på at Miljødepartementet velvillig blar opp millionar til fagleg tvilsame tiltak som gjev store oppslag i riksdekkjande media i beste sendetid. I tillegg betaler departementet ut millionar i statsstøtte til miljøvernorgnaisasjonane, slik at desse skal ha råd til å drive rovdyrpropaganda og for eksempel føre rettsaker mot Staten, seier Stensgård. Han meiner at det kun er ei side som blir tilgodesett med offentlege midlar.

- Vi i Folkeaksjonen for en ny rovdyrpolitikk har sjølv erfart at Miljøverndepartementet ikkje vil bruke ei einaste krone for å leggje til rette for organisasjonar og grupper som er kritiske til dagens rovdyrpolitikk.

- Ettersom den eine sida stadig får auka ressursar til sitt arbeid, blir dette ein heilt urimeleg prosess i forhald til arbeidet med ei ny stortingsmelding om rovdyrpolitikk, seier han.

Politiske kanalar
Den komande Stortingsmeldinga om rovdyrpolitikken blir den fjerde meldinga på 15 år.

- Alle dei tre foregåande har ført til større uklarheiter og auka konfliktvinå. Eit viktig mål med den nye meldinga er derfor mindre konfliter og betre dialog. Men dialogen blir umogleg når det viser seg at Miljøverndepartementet, bak ryggen på beitenæringa og bygde-Norge, pøser på med millionar til useriøse informasjonstiltak. Dette er å be om krig i staden for dialog, seier Stensgård.

- Korleis vil døkk kunne nå fram?
- Vi fekk avslag om midlar i Miljøverndepartementet med argmunet om at vi er mot ulv. Så lenge vi ikkje har midlar må vi rette merksemda mot lag og organisajonar for å få så mange allierte som mogleg. Vi vil vidare bruke politiske kanalar og tunge krefter på universitetsnivå. Ingen vil ale rovdyr, berre så det er sagt, seier Stensgård.

Adresse:Postboks 40, 7701 Steinkjer
Telefon:975 95 119
Telefaks:74 16 62 36
E-post:aksjonen@rovdyr.org
Hjemmeside:http://www.rovdyr.org