26 januar 2002

"Løver og lam"

 

av Sigurd Avdem, leiar av Rovdyrutvalet i Norges Bondelag

I beste sendetid på laurdag den 19.01. fekk vi av NRK presentert "løysingane" på det vanskelege rovdyrproblemet. Sjå til Afrika og lær korleis husdyr og rovdyr kan leva side omside, og korleis eksotiske rovdyr kan bli ein leveveg, var bodskapen til Tomm Kristensen i NRK. Det er nok mange her i rike Noreg som kan ha mykje å læra av den fattige gjetaren i Zimbabwe si audmjuke haldning til naturen og skaparverket. Det blir vel likevel litt for enkelt med ei direkte samanlikning mellom afrikanske og norske tilhøve……

Kvifor er det så få norske sauebønder som gjeter sauene sine slik som den afrikanske bonden? Det er vel stort sett berre Bernt Hågensen i Lierne i Nord-Trøndelag som har skjønt korleis dette kan gjerast. Han kunne fortelja korleis trivselen hadde kome attende i sauehaldet hans og korleis bjørnen flykta frå vaktarhundane og gjetarane hans, og berre drap sauen til naboane. Kvifor er alle andre norske sauebønder så dumme? Det er ei gåte…….

Kvifor fortalde ikkje Bernt Hågensen noko om tilveksten på lamma sine etter at gjetarane hans nå må halda flokken samla og det naturlege beitemønsteret blir brote? Kvifor fortalde han ikkje noko om kostnadene med denne driftsforma? Kvifor fortalde han ikkje noko om kva han vil gjera den dagen staten ikkje lenger dekkjer kostnadene med dette forsøksprosjektet?

Det er ikkje lett å finna norske gjetarar som passar dyra dag og natt med eit afrikansk lønnsnivå. Norske sauebønder er eit nøysamt folkeferd, men sjølv dei har litt større krav. I motsetning til den afrikanske bonden må dei dessutan berga foring til ein lang vinter, dersom dei skal ha dyr å sleppa på beite neste sesong.

Nei, kanskje vi heller skal satsa på eksklusiv villmarksturisme? La ulv og bjørn få utvikla seg fritt og la pengesterke kaksar få betala dyrt for ei eksotisk jaktoppleving i den norske fjellheimen? Dei må sjølvsagt fraktast rundt med snøscooter og helikopter, men det for våga seg berre dei betaler nok. At dei norske tradisjonane med allemannsrett og fri ferdsel i utmarka må vika, det er sjølvsagt, for kaksane må ikkje bli forhindra i å få tak i det trofeet som dei betaler så dyrt for å få….

Mulegheitene er mange…. Det er opp til norske politikarar å ta avgjerdene. Ei ny rovdyrmelding skal leggast fram for Stortinget i 2003. Dersom vi skal få ein sakleg debatt fram mot denne skjebnetimen for norsk utmark, hadde det vore ein fordel om den lisensfinansierte TV-kanalen NRK1 hadde fylt programma sine med objektiv informasjon.

Adresse:Postboks 40, 7701 Steinkjer
Telefon:975 95 119
Telefaks:74 16 72 99
E-post:aksjonen@rovdyr.org
Hjemmeside:http://www.rovdyr.org