OTTADALEN
7 juli 2001

Adresse:Postboks 40, 7701 Steinkjer
Telefon:975 95 119
Telefaks:74 16 72 99
E-post:aksjonen@rovdyr.org
Hjemmeside:http://www.rovdyr.org

(Denne artikkelen var trykket i lokalavisen for Ottadalen, FJUKEN, 7 juli 2001)
Vi må ha ein ny rovdyrpolitikk!

OTTADALEN: -Det vi treng nå, er ein ny rovdyrpolitikk i dette landet, med ei forvaltning som gjer det enklare å ta ut skadedyra!

Av Liv Eide

Dette meiner leiarane for Folkeaksjonen for ein ny rovdyrpolitikk i Lom, Skjåk og Vågå, Harald Sve Bjørndal, Eva Brimi og Embjørg Skamsar. Målet deira er å få ei lokal rovdyrforvaltning, der uttak av skadedyr kan gjerast enkelt og raskt, utan det kompliserte og tungvinte byråkratiet som fungerer i dag.

Etter dei store funna av daude og skadde husdyr til nå i år, vil Folkeaksjonen rette fokus særskilt mot Oppland sine kandidatar til Stortinget ved valet i haust. - Vi ynskjer å få stortingspolitikarane på bana, og spørje dei kva slags rovdyrpolitikk dei ynskjer i framtida, seier dei tre leiarane. I Lom og Skjåk er det etablert foreiningar, medan Vågå er i startgropa.

- Rovdyrforvaltninga i Norge må bli lokal, slik at det blir enkelt å ta ut skadedyr, meiner leiarane for Folkeaksjonen for ein ny rovdyrpolitikk i Lom, Skjåk og Vågå, Harald Sve Bjørndal, Eva Brimi og Embjørg Skamsar. (Klikk bildet for større utgave)

Sunt folkevit

- Vi treng folk som er engasjert i problemstillinga med rovdyr og husdyr, gjerne utover dei som sjølva har husdyr, seier Harald Sve Bjørndal, som har fått denne oppgåva rett i fanget. - Dette er ingen ekstrem organisasjon som vil bli kvitt alt som heiter rovdyr, men det er det sunne folkevitet som skal råde. Konsekvensane for den rovdyrpolitikken som blir ført nå, er uoversiktlege, og om berre fem år kan talet på rovdyr vere heilt ute av kontroll. Leiaren for Folkeaksjonen for ein ny rovdyrpolitikk i Vågå tek gjerne imot folk som er interessert i å gjere ein jobb for å få starta foreininga, og oppfordrar både vagværar, lomværar og skjåkværar til å slutte opp om organisasjonen, ikkje minst for å ha ein medlemsmasse å slå i bordet med når dei skal møte politikarane i valkampen. - Dette handlar om framtida for bygdenæringane, og utnytting av ressursane i fjell og utmark, sluttar Bjørndal.

8 august 2001
Redaktør:  Åsmund Ystad
Produsent:  Lars Erik Brattås