Sparbu og Stod
14 Februar 2003

Red:  Åsmund Ystad
Prod:  Lars Erik Brattås

13 Februar 2003

Sigurd Avdem, bonde Lesja, styreleder Prosjekt Landbruk og Rovdyr

Erfaringar med rovdyrforvaltninga
- forventningar til ny rovdyrmelding

Prosjekt Landbruk & Rovvilt er eit samarbeid mellom Norges Bondelag (NB), Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) og Norsk sau- og geitalslag (Nsg). NB, NBS og Nsg legg vekt på å koordinere kreftene som arbeidar for å oppretthalde moglegheitene for beitebruk i utmark. Veronika Seim er tilsett som konsulent og ho har ei styringsgruppe som består av Odd Risan frå NSG , Erik S Winther frå NBS og eg representerer NB og er for tida leiar for denne gruppa. Eg er også styremedlem i Norges Bondelag. Men fyrst og fremst er eg bonde på Lesja - driv med mjølk og kjøttproduksjon der sauen inngår som eitt av dei beina drifta heime på Avdem er tufta på.

Eg har fylgd utviklinga til jerven i Sør-Noreg på nært hald. Ein kan drøyma seg attende til den tida da vi visste at vi ville få dei aller, aller fleste dyra heim att når hausten kom. Fem år på rad fekk vi heim att kvar ein sau som vart sleppt til fjells. På tross av mykje meir og betre organisert tilsyn, er tap på både 10% og 20% vanleg. Av og til enda høgare.

Eg har sett korleis problema har spreidd seg til nye områder som ringane i vatnet etter at jerven vart freda i 1981, til han nå er spreidd over store delar av landet. Eg har kjent gleda og stoltheit over å driva ned ein flokk med store fine lam frå saftige fjellbeiter om hausten. Eg har også kjent fortvilelse og sinne, når eg har sanka saman restane av det som er att av saueflokkane etter at jerven har vore på ferde.

1048 av bruka som driv med dyr på utmarksbeite i Hedmark og Oppland søkte om erstatning for tapte dyr i 2002. Dei aller fleste av desse har nok hatt den same kjensla som eg mange gonger. Fortvilelse over store tap, sinne og frustrasjon over å stanga hovudet i veggen mot eit arrogant forvaltningsapparat når vi prøvar å gjera noko med situasjonen. Vi søkjer om fellingsløyve- men som oftast er dette bortkasta energi:" p.g.a. at bestandsmåla ikkje er nådd er det ikkje grunnlag for å innvilga søknaden…o.s.v."……..er svaret vi får , som regel……Over 22.000 sau og lam vart det søkt om erstatning for siste beitesesong i desse to fylka- dette er eit meiningslaust høgt tal!

Kvifor har det gått så gale???

Dei fleste kjenner vel hovedinnhaldet i meldinga frå -97:
Den slår fast at vi skal ha ei balansert forvaltning: Omsyn til å sikra overlevinga til ulv, jerv, bjørn og gaupe skal balanserast opp mot mulegheitene til å utnytta utmarksbeitet. Problema for beitenæringa skulle i stor grad løysast med div. førebyggande tiltak. Lenge hadde Miljøverndepartementet eit mål om å redusera talet på sau som vart teke av rovdyr til det nivået som var før vi fekk den siste rovdyrmeldinga i -97. Det er ikkje vanskeleg å slå fast at denne strategien har slått feil.

[LJOSARK MED TAPSUTVIKLINGA]

Det er ei dramatisk utvikling i feil retning: Jervetapa har utvikla seg verst, og siste året har det vore ein markert auke i tap til ulv. Tap til gaupe er noko redusert, fordi vi her har ei forvaltning som fungerer.

Mange hevdar at det er manglande vilje til å gjennomføra førebyggande tiltak som er problemet. Eg vil hevda at problemet er at tiltaka i stor grad ikkje har fungert godt nok. Næringa har vore med å prøvd ut alle dei tiltaka som vart foreslege i -97. Nå må vi bruka dei erfaringane vi har gjort, slik at vi får luka ut dei tiltaka som ikkje fungerer. Tiltaka er kostbare å gjennomføra. Staten må dekkje alle utgifter med gjennomføring av slike. Og det hjelp lite å berre satsa på førebyggande tiltak, dersom det ikkje samtidig er vilje til å forvalta rovdyra.

Som eit eksempel på kor vanskeleg dette er, kan eg referera til eit storskalaforsøk i Lesja & Dovre siste beitesesong. Forsøket gjekk ut på å prøva ut det som er sett på som det mest effektive tiltaket i jerveområder - tidleg sanking av sau. Næringa slutta heilhjarta opp om tiltaket, det aller meste av sauen vart teke ned frå fjellet 1.sept. i staden for 2. helga i sept. DN gav ein forkompensasjon for avkorta beitesesong. Totalt vart det brukt 1,2 mill.kr. på tiltaket. På tross av dette vart tapa av dyr høgare enn nokon gong dette året!!!! Sannsynlegvis ville tapa vore enda høgare dersom vi ikkje hadde sanka så tidleg. Og vi skal ikkje avisa nedsanking som verkemiddel i akutte situasjonar. Men dette viser at tidlegsanking ikkje er noko SESAM SESAM som kan vera ei permanent løysing. Løysinga må fyrst og fremst vera halda bestanden av rovdyra på eit fornuftig nivå.

Datakonflikta er ei av dei største utfordringane for å få til ei fornuftig rovdyrforvaltning. På tross av at bestandsregistrering er eit prioritert område frå meldinga i 97, er usemja om kor mange rovdyr vi faktisk har å forvalta like stor. Dette er så vanskeleg at vi må spørja oss om det er realistisk å ha oversikt over alle rovdyr mest ned på enkeltdyr-nivå. Vi må også spørja om det er nødvendig. Når vi nå har gått frå å ha trua til levedyktige rovdyrbestander, så hadde det etter mitt syn vore betre å legga opp til ei skadebasert forvaltning av rovdyr. Når skadene på beitedyr kjem over eit visst nivå, må det løysa ut tiltak mot rovdyra i eit område.

Utviklinga går i alle fall framover med å forbetra system for å halda oversikt over beitedyra i utmark. Arbeidet med å få etablert eit fornuftig system for elektronisk overvaking av beitedyr er så langt kome at det nå vil bli gjennomført eit storskalaforsøk med 1000 sendarar på beitedyr førstkomande beitesesong. Går dette bra, kan systemet vera ute i stor skala året etter, altså sommaren 2004. Ei ny rovdyrmelding må leggja til rette for å bruka midlar på dette, slik at vi i alle fall kan få rydda den datakonflikta ut av verda, kvar det blir av dei beitedyra som blir borte i utmarka, og at akutte skadesituasjonar kan bli oppdaga så tidleg at tiltak kan bli sett i verk.

Kva slags forventningar har vi til ei ny melding????

For det fyrste forventar vi at den todelte målsetjinga frå -97 blir teke på alvor: Hensynet til å byggja opp levedyktige rovdyrbestander er godt i vareteke. Utviklinga har gått fortare enn nokon kunne forutsjå. Nå er tida inne til å redusera rovdyrbestander i viktige beiteområder.

At det nå verkeleg blir lagt opp til ein politikk som snur utviklinga i tap av beitedyr, slik at utmarksressursane kan utnyttast på ein forsvarleg måte, både økonomisk og dyreetisk.

Norsk rovdyrpolitikk er påvirka av Bernkonvensjonen og andre internasjonale avtaler og trender som ikkje passar saman med vår utmarksbruk. Noreg er det einaste landet i Europa som ivaretek tradisjonen med omfattande kulturbruk av utmarka. I Noreg har vi 2,1 millionar sau på utmarksbeite. T.d. i Sverige er det godt 400.000 men der er sauen på innmark. Så da er det ikkje så vanskeleg å sjå at konflikta blir annleis her.

Ei ny rovdyrmelding må byggja på eit mykje breiare kunnskapsgrunnlag enn den frå -97. Bernkonvensjonen oppfordrar til samarbeid over landegrensene. Vi må nå innsjå at dei rovdyra vi har i Noreg er delar av store felles skandinaviske bestander, og at norske rovdyr uansett berre vil utgjera ein utkant av desse. Ingen konvensjon forpliktar Noreg til å byggja opp to bestander av jerv. Vi veit nå at det er utveksling av jerv frå Sør-Noreg til resten av den store bestanden på Nord-kalotten, og at jerven i Sør-Noreg difor kan reduserast, og ikkje aukast i antal, slik det vart lagt opp til da kjerneområdet vart oppheva.

Vi forventar nå at politikarane tek inn over seg at vi nå har levedyktige bestandar av rovvilt, og tilpassar vernestatusen til rovdyra til denne verkelegheita. Ein art som var trua i -86 og fekk ein streng vernestatus den gongen, kan ikkje ha same strenge vernestatus for all framtid når bestanden har utvikla seg og er svært så levedyktig.

Vi har også ratifisert RIO-konvensjonen, som både omhandlar vern av det biologiske mangfaldet, og samtidig sikrar rettigheitene som lokalbefolkninga har til å utnytta lokale naturressursar. Norsk utmark har gjeve grunnlag for busetjing og berekraftig utnytting av ressursar i uminnelege tider. Slik skal det vera i framtida også.

Vi må også forventa at politikarane denne gongen ser lenger enn berre til Europa. Organisasjonen IUCN, International Union for the Conservation of Nature, eller "det internasjonale naturvernrådet" som det også blir kalla, er ein global organisasjon med 980 medlemmar frå 140 land. Norske myndigheiter også tilslutta gjennom MD. Denne organisasjonen har også sine "raudlister" for artar som treng eit spesielt vern. På desse listene er verken ulv eller bjørn med, fordi dei slettes ikkje er trua i eit globalt perspektiv.

Nå er det på tide at det blir sett fokus på at vi faktisk treng beitedyr i norsk utmark for å ta vare på det norske kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet i naturen! Eit av dei store miljøproblema i Noreg i dag er attgroing. Kva er det vi mistar dersom utmarka også i Noreg gror att, slik som vi har sett det i mange av våre naboland? Fleire tusen års kulturhistorie er nå i ferd med å gro ned av buskar og kratt. Når steingardar og hustufter rasar ned og blir dekt med skog, går også mykje av historia i gløymeboka.

Når utmarka gror att, er det ikkje berre minnene om tidlegare tider sin bruk som blir borte. Ei lang rekke av artane i naturen har sine leveområder nettopp i dette opne kulturlandskapet. Dette utgjer ein vesentleg del av mangfaldet i den norske naturen. Nokre artar er alt borte, mange artar er i dag direkte trua av attgroing. Difor treng vi heller fleire beitedyr i utmarka. Vi forventar at politikarane tek inn over seg at Noreg er det einaste landet i Europa som ivaretek tradisjonen med omfattande kulturbruk av utmarka. Denne tradisjonen er det viktig å ta vare på, både p.g.a. det biologiske mangfaldet, som grunnlag for busetjing, miljøvennleg matproduksjon og som pleiar av det kulturlandskapet som den viktige reiselivsnæringa også er så avhengig av.

Det er eit tankekors at rovdyra nå er sikra eit mykje betre vern enn andre såkalla "kulturlandskapsarter". Desse representerer også ein genressurs som det er viktig å ta vare på. "Mållaust liv har og ei meining….." står det i visa til Einar Skjæråsen. ….. Det er ikkje mykje som har skuffa meg meire i denne konflikta enn at organisasjonar som Norges Naturvernforbund, WWF og andre av dei såkalla "seriøse" verneorganisasjonane ikkje ser ut til å ta dette på alvor.

Kven er det som må bli høyrt i denne prosessen? Er det Rassmus Hanson i WWF som med jamne mellomrom sender ut sine spådommar om at jerven er på randen til å bli utrydda? På tross av dette har jerven spreidd seg utover storparten av landet på få år. Eller når WWf sender ut krisemeldingar om at gaupebestanden skal vera halvert? På trass av dette vart kvota fylt i Hedmark på ein og ein halv dag. Det er nok mange gode jegerar i dei djupe skogane der, men det får da vera måte på…..

Er det WWF med si krisemaksimering som har krav på å bli høyrt? Eller er det vi som lever ute i desse bygdene, som har fylgd utviklinga og erfart på kroppen fylgjene av dette?

Ei ny rovdyrmelding må byggja på prinsippa frå Rio-konvensjonen om at det beste vernet er gjennom berekraftig bruk og aktiv medverking i prosessane.

 

Difor vil eg avslutta med orda til den norske professoren Ottar Brox:

"Et effektivt naturvern kan aldri bygge på konfrontasjoner med befolkningen i de aktuelle områdene. Vernetiltakene må inngå i en pakke som inneholder løsninger på lokale problemer - ikke bare restriksjoner."

Adresse:Postboks 40, 7701 Steinkjer
Telefon:975 95 119
Telefaks:74 16 62 36
E-post:aksjonen@rovdyr.org
Hjemmeside:http://www.rovdyr.org