Sparbu og Stod
24 Mars 2004

Red:  Åsmund Ystad
Prod:  Lars Erik Brattås

24 Mars 2004

PRESSEMELDING
STOR ROVVILTKONFERANSE I SKJÅK

 

 

 

Stortingsmelding nr. 15 2003-2004 om Rovvilt i norsk natur skal leggjast fram for Stortinget i mai. Innhaldet i meldinga er kjent, og det er ingen tvil om at den forvaltninga det blir lagt opp til av store rovdyr, er eit slag mot den tradisjonelle bruken av utmarka og distriktsnorge som heilheit. Denne meldinga er den tredje som blir lagt fram for Stortinget på nokre få år. Det i seg sjølv seier noko om at våre styresmakter saman med verneinteressene har lagt opp til ein måte å innføre store rovdyr på som er lite foreinleg med det som er tradisjonell bruk av vår utmark. Forutsetningane for å reetablere store rovdyr her i landet var at det ikkje skulle gå utover beitedyra. Denne målsetninga er uoppnåeleg, og det veit alle dei som har kjennskap til rovdyr og rovdyratferd. Spørsmålet for mange blir om vi skal gje opp den tradisjonelle bruken av utmarka til dømes til beite, til forvaltningsområde for villrein og tamrein, til å kunne ferdast i fjell og utmark utan frykt? Dette og mange andre spørsmål vil etter kvart dukke opp dersom denne Stortingsmeldinga blir vedteken slik ho nå ligg føre.

For å få svar på spørsmål som det er viktig for stortingsrepresentantar å få kjennskap til før vedtak blir fatta i Stortinget, vil det laurdag den 27. mars bli avvikla ei konferanse om Rovvilt i norsk natur på Skjåk Turistheim. Samtlege stortingrepresentantar frå Oppland er invitert, og representantar frå Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning. Vidare er representantar frå alle faglaga, Bondelaget, Bond- og småbrukarlaget og Sau- og geitavlslaget i Nord-Gudbrandsdal invitert. Frå det politiske miljøet er ordførarane i regionen invitert. Dei vil kunne få høve til å koma med ein sluttappell retta mot våre styresmakter som nå skal vedta den politikken som blir gjeldande i mange år framover.

Konferansen blir teke opp på video med Energi- og miljøkomiteen, og evetuelt andre stortingsrepresentantar som målgruppe. Det er firmaet Videotelevisjon som skal stå for denne produksjonen. Av innleiarar som vi nå veit vil koma til konferansen er Sigurd Avdem, Bondelaget, Erik S. Winther, Bonde- og småbrukarlaget, Gunnar Tore Stenseng, Rovviltutvalet i fylket og Leif Skomakerstuen, tidlegare fylkeslandbrukssjef i Oppland. Møteleiar vært Knut Korsæth, tidlegare fylkesmann i Oppland. Som arrangør, står Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk, Skjåk lokallag.

 

Skjåk, 2004-03-20

Ola Stensgård
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk
Lokallaget i Skjåk

Adresse:Postboks 40, 7701 Steinkjer
Telefon:975 95 119
Telefaks:74 16 62 36
E-post:aksjonen@rovdyr.org
Hjemmeside:http://www.rovdyr.org