14 November 2002

Rovdyrproblemet er dyrevernssak

 

 

Ola Tronsmoen
Miljøforeninga for bosetting i Nord-Østerdal
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

I Østfold har ei dyrevernnemnd tilrådd folk å skyta ulv. Bakgrunnen for dette er dei tragiske fylgjene av ulveherjingane mot husdyr og viltfaunaen, utrygge livskår for barn og for folk som ferdes i utmarka. Og at myndihetane ignorerar og trenerar fellingssøknader og bagatelliserar situasjonen.

Dyrevernnemnda er i sin fulle rett når dei går så langt.

Myndighetane og rovdyrforsvararar var raskt ute med den velkjente trusselen om 6 års fengsel for den som feller eit freda rovdyr. Denne paragrafen i straffelova skapar eit overgrep mot folk som prøver å henta ut eit levebrød av naturgrunnlaget. Og det syner ein klar diskriminering av folk utover i bygdene, det gjeld alle som har busett seg i bygdemiljøene.

Dyrevernnemndene står overfor ei viktig utfordring. Dei er pålagt å fylgja med i dyrehaldet og syta for at folk som driv husdyrbruk lever etter dyrevernlova. Og det er med bakgrunn i denne lova at dyrevernnemnda går ut med si tilråding.

Alle som ser den uhyggelege trakaseringa og pinsler dyr blir utsette for under rovdyrangrep, veit at dette er miljødrepande. Dyr som beiter har bruk for beitefred. Og den form for fredning av rovdyr som vi ser i dag, er ein faunakriminalitet på sitt verste.

Våre forfedre for 10 000 år sidan viste at rovdyra var eit trugsmål mot alt anna liv og tok konsekvensen av det. I dag må det forskes for å få vita om den visdom som var nedlagt i kampen mot rovdyra var egoistisk haldning. Urbanisert uvitenheit er satt i system.

Dyrevernnemndene over heile landet må fylgja opp dyrevernnemnda frå Østfold og gjeva klarsignal at no er det nok av offentleg kriminalitet i faunaen.

Rovdyra sin plass er i innhegninger, og med god styring av fôring og stell.

Da set vi dyrevernet i høgsetet!

 

Alvdal i november 2002
Ola Tronsmoen

Miljøforeninga for bosetting i Nord-Østerdal
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk.

Adresse:Postboks 40, 7701 Steinkjer
Telefon:975 95 119
Telefaks:74 16 62 36
E-post:aksjonen@rovdyr.org
Hjemmeside:http://www.rovdyr.org