03 mai 2002

NÅR ULVEN KJEM

 

Av Egil Ulateig

Eg hadde venta på han i fleire år, og eg visste han ikkje ville svikte meg. Rovdyr held alltid ord. Kanskje hadde eg trudd han skulle koma før.

Det var ein sundag morgon Kristen på nabogarden ringte, og han var temmeleg tilmålt i røysta. " E` hondan` dine teste`s?" spurte han. Eg var glad eg kunne si eit ærleg ja, for eg høyrde det hadde skjedd noko som opprørte han. " De`e `rivi i hæl to vedde sjå oss i natt, " sa han.

Eg visste med ein gong at no var han kome; dei lettskremde gjetarhundane mine hadde ikkje våga seg på ein solid suffolk. Det var berre så fordømt at eg hadde levert siste sauen for nokre få veker sidan, elles hadde eg hadde noko å bydd han, slik at han slapp å ty til saueflokken på Kårbø. Dei to unge suffolkveddane hadde gått i ei hamnelykkje like ved garden, tett inn til riksvegen. Den eine var daud, den andre hang livet att i gjennom nokre kjøttrevlar og blodårer. I løpet av nokre dagar hadde han vitja eit par andre bønder også, og nå veit alle inst inne at bygda på eit uhugleg vis har skifta ham.

Ulven er kome til Lesja, og det er berre ein venstrepolitikar og nokre andre, som rett nok ikkje har same umettelege behovet for å koma på trykk i avisa, som ikkje skjønar det; Venstre har ikkje berre Sponheim å slite med, og synes vel framleis at det er for digert eit parti, serleg på landsbygda.

Men kvifor skulle ei bygd som er vorte landskjend som noko nær eit fedrelandet for jerven, kvekke til ved gjetordet om ein ulv, eller kanskje to?

Alle som har opplevd å få ulven som ny landsmann, om det nå er i Skiptvedt eller i Rendalen, veit om denne kjensla som gjer at ulven, med urette men mest med rette har fått denne mytiske nimbusen av frykt og samstundes magnetisk appeal. Eg stod for ikkje lenge sidan ein stad i Rakkestad og høyrde han ule bortanfor skogen i retning Glomma. Det er Trygve Guldbranssens land, og ein gys nesten frydefullt ved lyden, så lenge det ikkje er sine eigne kviger ein samlar tarmane saman etter når det ljosnar av dag.

Sjølvsagt er det fyrst og fremst sauebøndene som nå pussar løpet på Mauseren og legg seg på post i fjellvårkalde netter, for det vert eit blodbad når 17 000 store, men mest små saueliv skal ut på jordet; det er like visst som dauden sjøl, ein berre veit ikkje nett kvar han sliper ljåen akkurat nå. Ulven har alt gitt bøndene gåsehud, for jerven har aldri tatt suffolkveddar på Kårbø i april. Nå skal dei nytte tjue timar av dygnet til å hjelpe nye liv til verda og samstundes gå i otte for at desse liva vert stutte og blodige.

Det finns jegarar i Lesja, om lag like mange som det offisielle innbyggartalet, og nokre av dei forstår også at ei ny tidrekning har byrja. Du kan snart høyre ho tikke høgt i tome skogar. Men ein kan berre ta ein tur til Rømskog for å lære at ulven ikke berre et sau og elg; han fortærer tryggleiken i små og store lokalsamfunn.

Det ytrar seg på så mange vis: Ein vågar ikkje la hundane sine springe lause ved sidan av seg i skogen. Om lag l50 hundar er drepne av ulv på båe sider av grensa mot Sverige dei siste åra. Unge mødre, ja fedre og for all del, slepper ikkje ungane av syne og vågar ikkje la dei oppleva fridomen i leiken ute i skogane. Berplukkinga er overlete til fanatikarane som ikkje kan leva utan turane med bytta og pellaren.

Og under alle desse meir eller mindre velgrunna fryktreaksjonane, ligg noko enda meir alvorleg. Kjensla av ei form for valdtekt, av å ha mista kontrollen over ditt tilvante liv i ei trygg bygd.

Men dette er da verkeleg å skrike ulv ulv i utrengsmål. Les vi ikkje om folk rundt heile verda som har lært seg å leva smilande og lett i lag med ulven? Kven skriv desse artiklane eller reportasjane, kven er kjeldene? Eg har personleg hatt høve til å bu saman med folk som har både ulv og andre uskyldige rovdyr som naboar. Dei har ei sams oppleving: dei er redde. Sjølvsagt i ikkje alltid og ikkje alle stader, men brått er redsla der i lynglimt. Det er slik det er med all konstant redsle; også ho vert vane heilt til du brått vert var at du er nær noko farleg.

Nå søker også sauebøndene i Lesja om felllingsløyve. Det er som når husmannen står framfor høgsetet til haulden og ber om utsetting av pliktarbeidet for kona ligg på det siste. Og får blankt avslag; det er ikkje hans skuld.

Kvifor skal vi be meir eller mindre fjerne styresmakter om lov til å verne det mest heilage i livet ved sidan av fridomen, tryggleiken i kvardagen. Båe verdiar går forresten hand i hand gjennom livet.

Eg har slåss i rovdyrkrigen i mange år, og like mange er nederlaga mine. Men det største vonbrotet mitt er at folk i bygdene ikkje har forstått at dei sjølve må legge premissane for tilværet sitt, det vil seia dei premissane som ligg innan det realiserbare. Vonbrotet mitt har vore at berre nokre få vert ståande att på barrikadane, medan dei fleste grev hugu langt ned i sanda og verkeleg vonar at rovdyrtilhengare har rett: Det er ikkje så farleg. Og kvar einaste gong viser det seg at rovdyrtilhengarene tar feil. Det er farleg, Dei tar feil i fakta og dei misaktar den menneskelege naturen. I ærlege stunder seier dei jo til og med at det er vi som er rovdyra og burde vore utrota. Det er menneskeforaktarar og truleg dyreelskarar berre på fråstand. Ein av dei fremste ulvefanatikarane i Oppland er dømt for mishandling av sine eigne dyr.

Eg er slett ingen optimist; eg trur vi har eit for lett og ansvarslaust liv utan å ta større risiko i det enn å køyre 15 kilometer for fort gjennom Kjøremgrende. Hadde vi, slik våre forfedrar gjorde, forstått at det ikkje er staten eller fylkesmannens miljøvernavdeling, men vi sjølve som ber hovudansvaret for tryggleiken i vårt nære liv, kunne vi vunne denne kampen. Kampen handlar jo ikkje om ulven vil overleva. Han vil overleva i hopetal rundt om i verda. Kampen handler djupast sett om vår respekt og ansvar for oss sjølve og våre næraste - dyr og menneske.

Ja visst, ser eg ulven som eit symbol, slik menneske har gjort gjennom alle tider. Akkurat nå, her i Lesja, som i Vågå og Heidal og Skåbu er han eit symbol på ein kamp om kontroll - framande sin kontroll over oss.

Fellingsløyva er det vi som burde gje - til oss sjølve.

 

Adresse:Postboks 40, 7701 Steinkjer
Telefon:975 95 119
Telefaks:74 16 62 36
E-post:aksjonen@rovdyr.org
Hjemmeside:http://www.rovdyr.org